Arbeid i sporet ved Dale stasjon 16. - 22. september
Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av Bergensbanen. I perioden 16. – 22. september, vil det gå føre seg arbeid ved Dale stasjon.
Publisert: 12. september 2024 klokken 10:00
Arbeidet femner mellom anna boring av nye fundamenter knytt til oppgradering av kraftlinje over spora som Statnett er i gong med. I tillegg nytter me høvet til å skifte ut ein sporveksel ved stasjonen. På vekedagane (måndag-fredag), vil arbeidet gå føre seg på dagtid. Frå om lag midnatt, natt til laurdag til sundag føremiddag kl. 11.00, vil det bli arbeida kontinuerleg.
Det generelle støynivået vil innebere støy og uvande lydar mellom anna knytt til bruk av handverktøy og maskiner. Undervegs vil det være periodar med noko kraftigare støy. Me ser oss lei for eventuelle ulemper, men strekar under at periodane med særleg mykje støy, vil være kortvarige.
Kvifor kvelds- og nattarbeid?
Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av praktiske grunnar og omsyn til tryggleiken, naudsynt med full stans i den ordinære togtrafikken. Gjennom å gjere naudsynt modernisering og førebyggande vedlikehald i periodar av døgeret med liten/ingen trafikk bidreg me til å sikre at færrast mogleg av togselskapas kundar blir råka.
Behov for mer informasjon?
Dersom du ynskjer eller har behov for meir informasjon om arbeidet som skal gjerast, kan du nytte Kontaktskjema | Bane NOR Vennligst oppgi referanse BB-202409-002.
Kundesenterets opningstider er:
08:00-19:00 (måndag-fredag)
09.00-15.00 (Laurdag/sundag/heilagdag)
Publisert: 12. september 2024 klokken 10:00