Utkøyring av skjener mellom Boganes og Skeiane

Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av Sørlandsbanen. Natt til torsdag 23. februar vil det gå føre seg transport og utlegg av nye skjener som seinare skal skiftast ut på strekninga mellom Skeiane og Boganes.

Arbeidet vil gå føre seg i tida mellom ca. kl. 00.20 og ca. kl. 04.30 den aktuelle natta. Natteøkta byrjar ved Boganes og flytter seg i retning Skeiane. Aktivitetane vil innebere støy og uvande lydar. Me ser oss lei for eventuelle ulemper, men gjer samstundes merksame på at periodane med litt ekstra kraftig støy, vil være relativt kortvarige som fylgje av at mannskap og maskiner heile tida flytter seg.

Meir nattarbeid seinare i vinter

Dei nye skjenene som no vert lagt ut, skal erstatta gamle skjener på utvalde delar av strekninga mellom Boganes og Skeiane. Etter planen skal dette skje frå byrjinga av mars og vidare utover ettervinteren. Me kjem attende me meir informasjon om desse arbeida etter kvart som det nærmar seg oppstart.

Eventuelle spørsmål om arbeidet som skal utførast, kan rettast til:

Christian Sjøtun
Byggeleder
Mobil:    926 63 987 (08-15)