Kvelds- og nattarbeid ved Flåm stasjon

Før jul hadde me som kjend nattarbeid på gong ved Flåm stasjon. Hovudarbeida er avslutta, men framleis står det att noko opprydding. Dette vil gå føre seg den komande veka (16. – 20.1.).

Arbeidet utførast av Infranord AS og Baneservice AS på oppdrag frå Bane NOR, og vil gå føre seg mellom kl. 20.00 og 08.00 (måndag-fredag).  Me beklagar eventuelle ulemper, men understrekar at det generelle støynivået vil være relativt moderat.

Kvifor kvelds- og nattarbeid?

Ved arbeid på – eller i nærleiken av jarnbanespor, er det, mellom anna av omsyn til tryggleik og praktiske årsaker naudsynt med stans i den ordinære togtrafikken. Ved å gjere arbeidet i periodar av døgnet med liten/ingen trafikk bidreg vi til å sikre at færrast mogleg av togselskapas kundar blir råka.

Spørsmål om arbeida?

Dersom du ynskjer meir informasjon eller har andre spørsmål om arbeida, ta kontakt med vårt kundesenter på telefon 477 70 098 eller send en e-post til kundesenter@banenor.no

Kundesenterets opningstider er:

08:00-19:00 (måndag-fredag)
09.00-15.00 (Laurdag/sundag/heilagdag)