Vegetasjonsrydding mellom Vigrestad og Bryne

Bane NOR har ansvaret for vedlikehald langs Sørlandsbanen. Mellom 22. mars og 28. mai vil det gå føre seg vegetasjonsrydding langs jernbanespora på delstrekninga mellom Vigrestad og Bryne.

Arbeidet vil innebere støy og uvante lydar, mellom annet knytt til bruk av skinnegåande maskiner, motorsag, ryddesag og fliskuttarar. Me ser oss leie for ulempa som fylgje av arbeidet, men understrekar at arbeidet heile tida vil flytte seg. Periodane med særleg kraftig støy vil difor være relativt kortvarige på dei einskilde arbeidsstadene.

Arbeidstider
Hovudtyngda av arbeidet vil gå føre seg på dagtid (07-19), men nattarbeid kan i nokre høve være naudsynt på enkelte stader. Me vil freiste å redusere omfanget av støyande nattarbeid i størst mogleg utstrekning. Me gjer merksam på at arbeid vil gå føre seg også på laurdagar og søndagar, men så langt det er praktisk mogleg, vil me freiste å halde omfanget av støyande helgearbeid i folketette områder på eit så lågt nivå som mogleg gjennom heile perioden.

Kvifor ryddar vi vegetasjon?
God kontroll på vegetasjon og ettervekst er viktig av mange grunnar. Det bidreg mellom anna til å redusere risikoen for dyrepåkøyrsler og trefall over spora. Samtidig bidreg det til å sikre at lokomotivførarane har god sikt til signaler og skilt langs spora. Det betrar og utsikta frå togvindauga og dermed ei betre reiseoppleving for folk som er på farten.

Kvifor natt- og helgearbeid?
Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det ofte av omsyn til tryggleik og praktiske grunnar naudsynt med full stans i den vanlege togtrafikken. Gjennom å gjere naudsynt modernisering og førebyggjande vedlikehald i periodar av døgeret med liten/ingen trafikk bidreg me til å sikre at færrast mogleg av togselskapa sine kundar vert råka.

Eventuelle spørsmål om arbeidet som skal utførast, kan rettast til:

Tord Aasland
Nettskog AS
Mobil:   913 67 340