Vedlikehald av jernbanebrua over Gullfjordungsvegen

Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av Bergensbanen. Natt til sundag 12. juni vil gå føre seg vedlikehaldsarbeid på jernbanebrua over Gullfjordungsvegen aust for Voss stasjon.

Arbeidet vil gå føre seg på kvelds- og nattetid (20 - 08). Det blir ikkje kontinuerleg støyande arbeid, men aktivitetane vil innebere korte periodar med noko kraftigare støy, mellom anna knytt til bruk av skinnekuttar samt diverse handhalde verktøy og spesialutstyr for bytte av festeanordningar til jernbanesvillene på brua.

Manuell dirigering av vegtrafikken
Arbeidet krev at maskiner og utstyr må stå i vegen under brua. Det er difor naudsynt med manuell dirigering av vegtrafikken medan arbeidet går føre seg. Utrykningskøyretøy kan passere.

Kvifor kvelds- og nattarbeid?
Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av praktiske grunnar og omsyn til tryggleiken, naudsynt med full stans i den ordinære togtrafikken. Gjennom å gjere naudsynt modernisering og førebyggande vedlikehald i periodar av døgeret med liten/ingen trafikk bidreg me til å sikre at færrast mogleg av togselskapas kundar blir råka.

For nærmare informasjon om det planlagde arbeidet, ta gjerne kontakt med:

Anleggsleiar Roar Flisram
Mobil:   479 71 437 (08-16)
E-post: roar.flisram@spordrift.no