Utskifting av skjener på delar av Bergensbanen i Hallingdal

Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av Bergensbanen. På utvalde delstrekningar skal me i løpet av seinsommaren og hausten skifte ut gamle skjener med nye.

Arbeidet utførast av Veidekke AS på oppdrag frå Bane NOR, og det vil mellom anna bli nytta dieseldrivne anleggsmaskiner. Arbeidet vil gå føre seg på kvelds- og nattetid frå midten av august til slutten av oktober. Det blir ikkje kontinuerleg støyande arbeid, men aktivitetane vil innebere korte periodar med noko kraftigare støy, mellom anna knytt til bruk av diverse handhalde verktøy og spesialutstyr.

Kvifor skifter vi skjener?
På Bergensbanen er det tett trafikk av tunge tog som gjer at skjenene blir utslitne og difor må skiftast ut. Nye skjener bidreg til betre kvalitet på spora, noko som mellom anna gjer at toga for ein jamnare og rolegare gonge.

Kvifor kvelds- og nattarbeid?
Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av praktiske grunnar og omsyn til tryggleiken, naudsynt med full stans i den ordinære togtrafikken. Gjennom å gjere naudsynt modernisering og førebyggjande vedlikehald i periodar av døgeret med liten/ingen trafikk bidreg me til å sikre at færrast mogleg av togselskapas kundar blir råka.

Behov for meir informasjon?
Dersom du ynskjer meir informasjon eller har øvrige spørsmål om arbeidet, ta kontakt med vårt kundesenter på telefon 477 70 098 eller på epost til kundesenter@banenor.no