Sveisearbeid i sporet ved Urdland stasjon

Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av Bergensbanen. I perioden 28. - 30. juni vert det sveisearbeid i begge endar av Urdland stasjon.

Arbeidet utførast av Spordrift AS på oppdrag frå Bane NOR, og det vil mellom anna bli nytta dieseldrivne anleggsmaskiner. Arbeidet vil gå føre seg på kvelds- og nattetid (22-07) dei aktuelle nettene i perioden. Det blir ikkje kontinuerleg støyande arbeid, men aktivitetane vil innebere korte periodar med noko kraftigare støy, mellom anna knytt til bruk av diverse handhalde verktøy og spesialutstyr.

Kvifor kvelds- og nattarbeid?
Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av praktiske grunnar og omsyn til tryggleiken, naudsynt med full stans i den ordinære togtrafikken. Gjennom å gjere naudsynt modernisering og førebyggande vedlikehald i periodar av døgeret med liten/ingen trafikk bidreg me til å sikre at færrast mogleg av togselskapas kundar blir råka.

For nærmare informasjon om det planlagde arbeidet, ta gjerne kontakt med:

Anleggsleiar Kristian Agledal
Mobil:   468 63 461 (08-16)
E-post: kristian.agledal@spordrift.no