Støyande kvelds- og nattarbeid ved Kleivi planovergang

Bane NOR har ansvaret for tryggleik, vedlikehald og modernisering av Flåmsbana. I samband med det, vil det i tida som kjem gå føre seg støyande arbeid ved Kleivi planovergang.

Arbeidet skal utførast av Spordrift AS på oppdrag frå Bane NOR, og vil gå føre seg måndag-torsdag i veke 41, 42 og 43. Arbeidet vil gå føre seg i tida mellom kl. 22.00 og 06.00 dei aktuelle nettene, og femner mellom anna utskifting av masser og bygging av ein ny og betre planovergang.

Det generelle støynivået vil være relativt moderat, men kortvarige periodar med noko kraftigare støy, mellom anna knytt til kapping, sveising og sliping av nye skjeneskøyter må påreknast.

Kvifor kvelds- og nattarbeid?

Ved arbeid på – eller i nærleiken av jarnbanespor, er det, mellom anna av omsyn til tryggleik og praktiske årsaker naudsynt med stans i den ordinære togtrafikken. Ved å gjere arbeidet i periodar av døgnet med liten/ingen trafikk bidreg vi til å sikre at færrast mogleg av togselskapas kundar blir råka.

Eventuelle spørsmål om arbeidet kan rettast til:

David Spilde Nyre
Anleggsleiar Spordrift AS
Mobil:    994 65 146
E-post:   david.nyre@spordrift.no