Nattarbeid ved tre stasjonar på Bergensbanen

Bane NOR har ansvaret for drift og vedlikehald av jernbanen i Noreg. I tida mellom 10. og 13. september skiftar me ut slitedelar i nokre sporvekslar ved Bolstadøyri, Urdland og Voss.

Arbeidet utførast av Baneservice AS på oppdrag frå Bane NOR, og vil gå føre seg i tida mellom 23.00 og 06.00 dei aktuelle nettene. Det generelle støynivået vil være relativt moderat, men korte periodar med kraftigare støy må påreknast. Særleg i samband med kapping, sveising og sliping av nye skjeneskøyter.

Detaljer om arbeidet
Natt til sundag 11. september går me i gong på Bolstadøyri. Der skal slitedelar i sporvekslar i begge ender av stasjonen skiftast. Natta etter skiftar me delar i ein sporveksel i vestre ende av Urdland stasjon. Natt til tysdag 13. september rundar me av med å skifte delar i ein av sporvekslane ved Voss stasjon.

Kvifor nattarbeid?
Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av omsyn til tryggleiken og praktiske grunnar naudsynt å tilpasse arbeidet til den ordinære togtrafikken. Gjennom å gjere naudsynt modernisering og førebyggjande vedlikehald i periodar av døgnet med liten/ingen trafikk bidreg vi til å sikre at så få som mogleg av togselskapas kundar vert råka.

Spørsmål om arbeida?
Dersom du ynskjer meir informasjon eller har andre spørsmål om arbeida, ta kontakt med vårt kundesenter på telefon 477 70 098 eller send en e-post til kundesenter@banenor.no

Kundesenterets opningstider er:
08:00-19:00 (måndag-fredag)
09.00-15.00 (Laurdag/sundag/heilagdag)