Nattarbeid mellom Reimegrend og Voss

Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av Bergensbanen. Nett no skiftar me skjener på utvalde delstrekningar mellom Reimegrend og Voss. Arbeidet vil etter planen gå føre seg ut mai månad.

Arbeidet utførast av Baneservice AS på oppdrag frå Bane NOR, og det blir mellom anna bli nytta dieseldrivne anleggsmaskiner. Arbeidet går føre seg mellom kl. 22.00 og 08.00 dei aktuelle nettene. Mannskap og maskiner vil heile tida flytte seg att og fram mellom ulike arbeidsstader. Det blir difor ikkje kontinuerleg støyande arbeid, men det vil være korte periodar med noko kraftigare støy, mellom anna knytt til bruk av diverse handhalde verktøy og spesialutstyr for kapping og sliping av skjeneskøyter.

Me ser oss lei for eventuelle ulemper som fylgje av arbeidet, og ber samstundes om orsaking for sein varsling av arbeidet. Manglande varsling skuldast svikt i våre interne rutinar for utveksling av informasjon.

Behov for meir informasjon?
Dersom du ønsker meir informasjon eller har andre spørsmål om arbeidet som skal gå føre seg i regi av Bane NOR, ta kontakt med vårt kundesenter på telefon 477 70 098 eller send ein e-post til kundesenter@banenor.no

Kundesenterets opningstider er:
08:00-19:00 (måndag-fredag)
09.00-15.00 (Laurdag/sundag/heilagdag)