Nattarbeid i sporet ved Dale stasjon to helger i august

Bane NOR har ansvaret for drift og vedlikehald av jernbanen i Noreg. Ved Dale stasjon skal me skifte ut skjener og sporvekslar i vestre ende av stasjonen. Arbeidet vil gå føre seg i periodane 5. – 8. og 12. – 15. august.

Arbeidet utførast av Nettpartner AS på oppdrag frå Bane NOR, og vil gå føre seg i tida frå fredag kl. 07.00 til måndag kl. 07.00 begge dei aktuelle helgane. Det generelle støynivået vil være relativt moderat, men korte periodar med kraftigare støy må påreknast. Særleg i samband med kapping, sveising og sliping av nye skjeneskøyter.

Kvifor nattarbeid?
Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av omsyn til tryggleiken og praktiske grunnar naudsynt å tilpasse arbeidet til den ordinære togtrafikken. Gjennom å gjere naudsynt modernisering og førebyggjande vedlikehald i periodar av døgnet med liten/ingen trafikk bidreg vi til å sikre at så få som mogleg av togselskapas kundar vert råka.

Spørsmål om arbeida?
Dersom du ynskjer meir informasjon eller har andre spørsmål om arbeida, ta kontakt med:

Bjørn Botten
Nettpartner AS
Mobil:    908 88 885 (08-16)