Nattarbeid i sporet ved Dale stasjon 2. - 4. juli

Bane NOR har ansvaret for drift og vedlikehald av jernbanen i Noreg. Ved Dale stasjon må me gjere justeringar på ein sporveksel i vestre ende av stasjonen. Arbeidet vil gå føre seg i perioden 2.- 4. juli.

Arbeidet utførast av Baneservice AS på oppdrag frå Bane NOR, og vil gå føre seg i tida mellom kl. 20.00 og 06.00 dei aktuelle nettene. Det generelle støynivået vil være relativt moderat, men periodar med kraftigare støy må påreknast. Særleg natt til laurdag 2. juli, då pukken under svillene mellombels vert fjerna. Me seier oss lei for ulempene som fylgje av dette.

Kvifor nattarbeid?
Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av omsyn til tryggleiken og praktiske grunnar naudsynt å tilpasse arbeidet til den ordinære togtrafikken. Gjennom å gjere naudsynt modernisering og førebyggjande vedlikehald i periodar av døgnet med liten/ingen trafikk bidreg vi til å sikre at så få som mogleg av togselskapas kundar vert råka.

Spørsmål om arbeida?
Dersom du ynskjer meir informasjon eller har andre spørsmål om arbeida, ta kontakt med:

Dag Morgan Bakken
Baneservice AS
Mobil:    406 09 911 (08-16)