Natt- og helgearbeid mellom Jåttåvågen og Hillevåg

Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av Jærbanen. I periodane 7. – 10. juni og 14. – 17. juni, vil det gå føre seg nattarbeid mellom Jåttåvågen og Hillevåg.

Arbeidet utførast av Spordrift AS på oppdrag frå Bane NOR, og omfattar opprydding og uttransport av gamle skjener som nyleg vart skifta ut på strekninga. Aktivitetane vil gå føre seg i tida mellom kl. 00.30 og 04.30 dei aktuelle nettene i dei to periodane.  Det generelle støynivået vil være moderat, men det vil være kortvarige periodar (normalt 5-10 minuttar) med kraftigare støy, mellom anna knytt til kapping dei gamle skjenene. Arbeidet vil flytte seg, slik at støybelastninga vil være forbigåande.

Kvifor nattarbeid?
Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av omsyn til tryggleik og praktiske årsaker naudsynt med stans i den ordinære togtrafikken. Gjennom å utføre naudsynt opprydding i periodar med liten/ingen trafikk bidrar me til å sikre at færrast mogleg av togselskapas kundar blir råka.

Behov for meir informasjon?
Dersom du ønsker meir informasjon eller har andre spørsmål om arbeidet som skal gå føre seg i regi av Bane NOR, ta kontakt med vårt kundesenter på telefon 477 70 098 eller send ein e-post til. kundesenter@banenor.no

Kundesenterets opningstider er:
08:00-19:00 (måndag-fredag)
09.00-15.00 (Laurdag/sundag/heilagdag)