Natt- og helgearbeid mellom Bryne og Stavanger 28. mai - 6. juni

Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av Jærbanen. I perioden 28. mai kl. 02.00 til 6. juni kl. 13.00, vil det gå føre seg arbeid på en rekke stader og delstrekningar mellom Bryne og Stavanger.

Fleire entreprenørar er involvert i de ulike aktivitetane som ikkje berre omfattar vedlikehald og modernisering av våre anlegg, men også naudsynte tiltak i regi av kommunale og interkommunale aktørar og eksterne tiltakshavarar. Detaljert oversikt over det planlagde arbeidet, finner du under.

Oppgradering av signalanlegget mellom Klepp og Stavanger
Arbeidet utførast av Thales AS på oppdrag frå Bane NOR. Naboar vil ikkje bli råka av støy som følge av arbeidet som vil gå føre seg i hele perioden (28.5.- 6.6.).

Vegetasjonsrydding på delstrekningane Bryne – Klepp og Sandnes - Stavanger
Arbeidet utførast av Mesta AS på oppdrag frå Bane NOR, og vil gå føre seg på dagtid (07-19). Aktivitetane femner hogst av vegetasjon som kan kome i konflikt med jernbane, og vil innebere støy mellom anna knytt til bruk av motorsager og fliskuttarar. Dei fleste aktivitetane vil flytte seg relativt raskt langs strekningen på dagtid, men det kan også bli innkøyring av trevirke nattetid.

Utskifting av skinner på delstrekningar mellom Sandnes og Stavanger
På dobbeltsporet mellom Sandnes og Stavanger er det tett trafikk, og spora er utsett for stor slitasje. Vi har difor behov for å skifte skinner på utvalde delstrekningar. Arbeidet vil gå føre seg døgnkontinuerleg. Det generelle støynivået vil være moderat, men det vil være kortvarige periodar (normalt 5-10 minuttar) med kraftigare støy, mellom anna knytt til kapping og sliping av nye skjeneskøyter. Arbeidet vil flytte seg, slik at støybelastninga vil være forbigåande.

Gravearbeid for kommunalt VA-anlegg
I området ved Engjelsvoll vil det gå føre seg gravearbeid knytt til kommunalt VA-anlegg. Arbeidet vil utførast i perioden 28. – 30. mai, og i regi av det interkommunale selskapet IVAR IKS. Eventuelle spørsmål om arbeidet rettes til: IVAR IKS v/prosjektleiar Jonn Egil Berget, tlf. 905 72 426. E-post: jonnegil.berget@ivar.no

I området ved Hinna (Jåttåvågen) vil det gå føre seg gravearbeid knytt til kommunalt VA-anlegg. Arbeidet vil går føre seg i perioden 28. mai – 6. juni, og det i regi av Stavanger kommune. Eventuelle spørsmål om arbeidet rettes til: Stangeland v/anleggsleiar Tore Lende, tlf. 975 528 11. E-post: tore.lende@tsmaskin.no

Hammarboring og pressing av røyr under spor ved Paradis
I samband med bygging av VA for utbyggingsområde Paradis stasjon, er det i perioden 28.05.22 – 06.05.22 planlagt støyande arbeid ved boring under jernbanen sør for Strømsbrua. Arbeidet er planlagd som døgnkontinuerleg. Støynivået vil være varierande gjennom døgnet. Arbeidets art gjer at det dessverre ikkje er mogleg å leggje til rette for mindre støy på nattetid. Eventuelle spørsmål kan rettes til Risa AS/ Martin Mæland, tlf. 993 82 241. E-post: martin.maland@risa.no

Bruvedlikehald - ved Paradis
I perioden 28.5. – 6.6. vil det gå føre seg rehabilitering av ei gangbru over sporet i nordenden ved Paradis haldeplass.. Arbeidet vil være døgnkontinuerleg og femner overflatebehandling. Arbeidet er i regi av Bane NOR Eiendom. I tillegg blir det utført stillasarbeid, betongrehabilitering og overflatebehandling på Strømsbrua, dette i regi av Rogaland fylkeskommune. Eventuelle spørsmål om arbeidet rettes til: Consolvo AS V/ driftssjef Olav Moen, tlf. 917 29 757. E-post: Olav.Moen@consolvo.no

Kvifor nattarbeid?
Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av omsyn til tryggleik og praktiske årsaker naudsynt med stans i den ordinære togtrafikken. Gjennom å utføre naudsynt modernisering og førebyggande vedlikehald i periodar med liten/ingen trafikk bidrar me til å sikre at færrast mogleg av togselskapas kundar blir råka.

Arbeidet påverkar togtilbodet
Me gjer merksam på at det planlagde arbeidet fører til endringar i det ordinære togtilbodet på Jærbanen. For meire informasjon om alternativ transport, rår vi deg til å sjekke Go-Ahead sin heimeside og/eller reiseplanleggar. Der finn du nyttig reiseinformasjon.

Behov for meir informasjon?
Dersom du ønsker meir informasjon eller har andre spørsmål om arbeidet som skal gå føre seg i regi av Bane NOR, ta kontakt med vårt kundesenter på telefon 477 70 098 eller send ein e-post til. kundesenter@banenor.no

Kundesenterets opningstider er:
08:00-19:00 (måndag-fredag)
09.00-15.00 (Laurdag/sundag/heilagdag)

Medan arbeidet går føre seg vil det, i periodar av døgeret kor Kundesenteret ikkje er ope, også være mogleg å kontakta oss på tlf. 879 16 528.