Kvelds- og nattarbeid ved Flåm stasjon

Bane NOR har ansvaret for tryggleik, vedlikehald og modernisering av Flåmsbana. I samband med det, vil det i vekene som kjem gå føre seg støyande arbeid ved Flåm stasjon.

Arbeidet utførast av Infranord AS og Baneservice AS på oppdrag frå Bane NOR, og vil gå føre seg måndag-fredag i vekene 44-47. Arbeidet som mellom anna femner grunn- og sporarbeide, vil gå føre seg mellom kl. 20.00 og 08.00 dei aktuelle nettene, og skal etter planen avsluttast sundag 27. november.

Me ser oss lei for eventuelle ulemper, men understrekar at det generelle støynivået vil være relativt moderat.

Kvifor kvelds- og nattarbeid?

Ved arbeid på – eller i nærleiken av jarnbanespor, er det, mellom anna av omsyn til tryggleik og praktiske årsaker naudsynt med stans i den ordinære togtrafikken. Ved å gjere arbeidet i periodar av døgnet med liten/ingen trafikk bidreg vi til å sikre at færrast mogleg av togselskapas kundar blir råka.

Spørsmål om arbeida?

Dersom du ynskjer meir informasjon eller har andre spørsmål om arbeida, ta kontakt med vårt kundesenter på telefon 477 70 098 eller send en e-post til kundesenter@banenor.no

Kundesenterets opningstider er:
08:00-19:00 (måndag-fredag)
09.00-15.00 (Laurdag/sundag/heilagdag)