Kvelds- og nattarbeid ved Evanger stasjon

I samband med moderniseringa av Evanger stasjon, vil det i perioden 23. – 25. januar gå føre seg nattarbeid ved Evanger stasjon.

Arbeidet utførast av Jordalen Entreprenør AS på oppdrag frå Bane NOR, og omfattar riving av takkonstruksjonen på tilbygget til pakkhuset ved stasjonen. Arbeidstida vil være mellom kl. 20.00 og 06.00 dei aktuelle nettene.

Arbeidet er ikkje særskilt støyande, men inneber at det blir større aktivitet enn vanleg på kvelds- og nattetid. Me beklagar eventuelle ulemper som fylgje av det. Me minner samstundes om at anleggsarbeid inneber risiko, og ber publikum respektere forbodet mot å ta seg inn på anleggsområdet.

Kvifor nattarbeid?

Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av omsyn til tryggleiken og praktiske årsaker naudsynt å tilpasse arbeidet til den ordinære togtrafikken. Gjennom å utføre naudsynt modernisering og førebyggjande vedlikehald i periodar av døgnet med liten/ingen trafikk bidreg vi til å sikre at så få som mogleg av togselskapas kundar vert råka.

Spørsmål om arbeida?
Eventuelle spørsmål om arbeidet som skal utførast, kan rettes til:

Per Tennebekk
Anleggsleiar, Jordalen Entreprenør AS
Mobil:   415 55 554