Kantslått om natta mellom Urdland og Bulken

Bane NOR har ansvaret for drift og vedlikehald av jernbanen i Noreg. I vekene som kjem, vil det gå føre seg kantslått på delstrekninga mellom Urdland og Bulken.

Arbeidet vil verte utførd av Spordrift AS på oppdrag frå Bane NOR, og vil gå føre seg i tida mellom 20.00 og 08.00 kvar natt (sundag-onsdag) dei aktuelle vekene. Me ser oss lei for eventuelle ulemper som fylgje av støy og uvante lydar, men strekar under at mannskap og maskiner heile tida vil bevege seg, noko som gjer at støyen vil relativt kortvarig og forbigåande.

Kvifor nattarbeid?
Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av omsyn til tryggleiken og praktiske grunnar naudsynt å tilpasse arbeidet til den ordinære togtrafikken. Gjennom å gjere naudsynt modernisering og førebyggjande vedlikehald i periodar av døgnet med liten/ingen trafikk bidreg vi til å sikre at så få som mogleg av togselskapas kundar vert råka.

Spørsmål om arbeida?
Dersom du ynskjer meir informasjon eller har andre spørsmål om arbeida, ta kontakt med:

Kristian Agledal
Anleggsleiar, Spordrift AS
Mobil:    468 63 461 (07-15)
E-post:   kristian.agledal@spordrift.no