Ekstra natt med arbeid ved Dale stasjon

Gjennom helga har det som kjend gått føre seg mykje arbeid ved Dale stasjon. Diverre kom vi ikkje heilt i mål som planlagd med slipinga av dei nye skjenene. Det er derfor naudsynt med ei ekstra arbeidsnatt, natt til måndag 2. mai.

Arbeidet byrjar om lag kl. 23.30, og vil gå føre seg i om lag 3-4 timar. Vi seier oss lei for dei ekstra ulempene som fylgje av støy.

Kvifor nattarbeid?
Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av omsyn til tryggleiken og praktiske grunnar naudsynt å tilpasse arbeidet til den ordinære togtrafikken. Gjennom å gjere naudsynt modernisering og førebyggjande vedlikehald i periodar av døgnet med liten/ingen trafikk bidreg vi til å sikre at så få som mogleg av togselskapas kundar vert råka.

Spørsmål om arbeida?
Dersom du ynskjer meir informasjon eller har andre spørsmål om arbeida, ta kontakt med:

Olav Kyte
Anleggsleiar O.L. Kythe
Mobil:    916 29 408