Arbeid ved Dale og Evanger 25. april - 1. mai

Ved Dale og Evanger er me som kjend i gong med å modernisere dei to stasjonane. I samband med det, vil det i perioden frå måndag 25. april til sundag 1. mai gå føre seg ymse arbeid ved begge stasjonane. I hovudsak inngår arbeida som eit ledd i førebuinga til å ta i bruk dei nye overgangsbruene

Frå måndag-fredag vil arbeidet gå føre seg på dagtid, men frå natt til laurdag 30. april til føremiddagen sundag 1. mai, vil det bli arbeida døgnkontinuerleg. Arbeidet er ikkje særskilt støyande, men inneber at det blir større aktivitet enn vanleg på nattetid. Me beklagar eventuelle ulemper som fylgje av det. Me minner samstundes om at anleggsarbeid inneber risiko, og ber publikum respektere forbodet mot å ta seg inn på anleggsområdet.

Sjekk rutetabellane
Me gjer merksam på at arbeidet får fylgjer for det ordinære togtilbodet gjennom heile den aktuelle perioden. Vy Vest syter for alternativ transport. For meir informasjon, sjekk deira heimeside og/eller reiseappar.

Kvifor nattarbeid?
Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av omsyn til tryggleiken og praktiske grunnar naudsynt å tilpasse arbeidet til den ordinære togtrafikken. Gjennom å gjere naudsynt modernisering og førebyggjande vedlikehald i periodar av døgnet med liten/ingen trafikk bidreg vi til å sikre at så få som mogleg av togselskapas kundar vert råka.

Spørsmål om arbeida?
Dersom du ynskjer meir informasjon eller har andre spørsmål om arbeida, ta kontakt med vårt kundesenter på telefon 477 70 098 eller på e-post til kundesenter@banenor.no