Arbeid i sporet ved Voss stasjon 29. april - 2. mai

Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av Bergensbanen. Ved Voss stasjon må me skifta sviller under ein sporveksel. Arbeidet vil gå føre seg i perioden 29. april – 2. mai.

Arbeidet vert utført av Spordrift AS på oppdrag frå Bane NOR, og det vil mellom anna bli nytta dieseldrivne anleggsmaskiner. Arbeidet vil gå føre seg på kvelds- og nattetid (19-07) dei aktuelle dagane. Det blir ikkje kontinuerleg støyande arbeid, men aktivitetane vil innebere korte periodar med noko kraftigare støy, mellom anna knytt til bruk av diverse handhalde verktøy og spesialutstyr.

Kvifor skifter vi sviller?
Svillene i nokre av sporvekslane ved Voss stasjon er gamle og slitte, og må difor skiftast ut. Nye sviller bidreg til auka stabilitet og betre sporgeometri. Båe deler bidreg til noko redusert støy frå tog som passerer.

Kvifor kvelds- og nattarbeid?
Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av praktiske grunnar og omsyn til tryggleiken, naudsynt med full stans i den ordinære togtrafikken. Gjennom å gjere naudsynt modernisering og førebyggande vedlikehald i periodar av døgeret med liten/ingen trafikk bidreg me til å sikre at færrast mogleg av togselskapas kundar blir råka.

For nærmare informasjon om det planlagde arbeidet, ta gjerne kontakt med:

Anleggsleiar Roar Flisram
Mobil:   479 71 437 (08-16)
E-post: roar.flisram@spordrift.no