Arbeid i sporet ved Voss stasjon 20. - 21. juni

Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av Bergensbanen. Ved Voss stasjon vil det natt til 20. og 21. juni gå føre seg arbeid på eitt av spora ved stasjonen.

Arbeidet utførast av Spordrift AS på oppdrag frå Bane NOR, og vil gå føre seg på kvelds- og nattetid (20 - 08) dei aktuelle nettene. Det blir ikkje kontinuerleg støyande arbeid, men aktivitetane vil innebere korte periodar med noko kraftigare støy, mellom anna knytt til bruk av diverse handhalde verktøy og spesialutstyr for kutting og sliping av skjener.

Kvifor kvelds- og nattarbeid?
Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av praktiske grunnar og omsyn til tryggleiken, naudsynt med full stans i den ordinære togtrafikken. Gjennom å gjere naudsynt modernisering og førebyggande vedlikehald i periodar av døgeret med liten/ingen trafikk bidreg me til å sikre at færrast mogleg av togselskapas kundar blir råka.

For nærmare informasjon om det planlagde arbeidet, ta gjerne kontakt med:

Anleggsleiar Roar Flisram
Mobil:   479 71 437 (08-16)
E-post: roar.flisram@spordrift.no