Arbeid i sporet ved Ustaoset 21. juni - 7. juli

Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av Bergensbanen. Frå Ustaoset og i retning Haugastøl må me skifte ut gamle sviller med nye. Arbeidet vil gå føre seg i perioden 21. juni – 7. juli.

Arbeidet utførast av Spordrift AS på oppdrag frå Bane NOR, og det vil mellom anna bli nytta dieseldrivne anleggsmaskiner. Arbeidet vil gå føre seg på natt- og dagtid (02-14) kvar tysdag-torsdag dei aktuelle vekene. Det blir ikkje kontinuerleg støyande arbeid, men aktivitetane vil innebere korte periodar med noko kraftigare støy, mellom anna knytt til bruk av diverse handhalde verktøy og spesialutstyr for pakking (stabilisering) av spora.

Kvifor skifter vi sviller?
Svillene på Bergensbanen er utsett for stor belastning av tunge tog. Når dei er utslitne, må dei skiftast ut. Nye sviller bidreg til auka stabilitet og betre sporgeometri. Båe deler bidreg til noko redusert støy frå tog som passerer.

Kvifor kvelds- og nattarbeid?
Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av praktiske grunnar og omsyn til tryggleiken, naudsynt med full stans i den ordinære togtrafikken. Gjennom å gjere naudsynt modernisering og førebyggande vedlikehald i periodar av døgeret med liten/ingen trafikk bidreg me til å sikre at færrast mogleg av togselskapas kundar blir råka.

For nærmare informasjon om det planlagde arbeidet, ta gjerne kontakt med:

Anleggsleiar Harald Veslegard
Mobil:   451 63 693 (08-16)
E-post: harald.veslegard@spordrift.no