Arbeid i sporet ved Flåm stasjon 4. - 7. juli

Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av Flåmsbana. Ved Flåm stasjon vil det gå føre seg nattarbeid i perioden 4. – 7. juli.

Arbeidet omfattar feilretting på strekninga mellom Kleivi planovergang og Flåm stasjon, og vil gå føre seg i tida mellom kl. 21.00-06.00 kvar kveld/natt i den aktuelle perioden.  Det blir ikkje kontinuerleg støyande arbeid, men aktivitetane vil kunne innebere korte periodar med noko kraftigare støy. Me beklagar eventuelle ulemper som fylgje av dette.

Kvifor kvelds- og nattarbeid?
Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av praktiske grunnar og omsyn til tryggleiken, naudsynt med full stans i den ordinære togtrafikken. Gjennom å gjere naudsynt modernisering og førebyggande vedlikehald i periodar av døgeret med liten/ingen trafikk bidreg me til å sikre at færrast mogleg av togselskapas kundar blir råka.

For nærmare informasjon om det planlagde arbeidet, ta gjerne kontakt med:

Ragnar Lid
Byggeleiar Bane NOR
Mobil:   916 59 209 (08-16)
E-post: rlid@banenor.no