Arbeid i og ved sporet ved Dalegarden 16. november - 10. desember

Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av Bergensbanen. Ved Dalegarden er me som kjend i gong med å byggje ein ny landbruksveg. Mellom 16. november og 10.desember er toga innstilt på strekninga, og me nyttar høvet til å gjere ein ekstra innsats på dette viktige prosjektet for auka tryggleik.

Arbeidet ved Dalegarden utførast av Baneservice AS på oppdrag frå Bane NOR, og femner anleggsarbeid knytt til bygging av ny landbruksveg i området mellom fjellet Njuken og Bergensbanen. Arbeidet ved Dalegarden vil gå føre seg på dagtid alle dagar i perioden.

Aktivitetane vil vere mykje likt det som har gått føre seg tidlegare i haust, men omfanget av fjellrensk og sprenging vil være noko større. Vi gjer merksam på at sprenging vil gå føre seg i byrjinga av arbeidsperioden (16. -  22.11.). Alt anna anleggsarbeid, inkludert ein del maskinell pigging og reinsk av fjell vil gå føre seg gjennom heile perioden.

Sidan sprenging i nabolaget ikkje er heilt daglegdags, vil me nytte høvet til å gje litt ekstra informasjon om korleis slik verksemd kan opplevast.

Strenge grenseverdiar

Menneske og dyr er svært vare for vibrasjonar. Ein kan ofte merke vibrasjonar på lange avstandar. Skader på bygningar vil normalt ikkje oppstå før vibrasjonane er på eit nivå som er fleire gongar det vi føler som ubehageleg. For å hindre skader, har vi strenge grenseverdiar for kor store vibrasjonar som kan tillatast.

Kva bør du passe på?

Når det går føre seg sprenging i ditt nærområde, bør du sjå til at lause gjenstandar ikkje står ”på vippen”. Sjølv små vibrasjonar kan være nok til at ting ramlar ned frå hyllar og skåp. Har du hund, bør du være merksam på at enkelte hundar kan reagere på vibrasjonar. Små barn kan og i enkelte høve bli skremde av buldring og vibrasjonar. Det kan difor være lurt å forklare dei kva som går føre seg, og at det ikkje er farleg.

Kvifor bygger vi ny landbruksveg?

Bane NOR har eit overordna mål om å fjerne usikra planovergangar for å redusere risikoen for samanstøyt mellom tog og køyretøy (bilar, landbruksmaskiner etc.). Når den nye landbruksvegen står ferdig, kan me fjerne heile tre uoversiktlege planovergangar, og samstundes syte for ein tryggare kvardag for dei som har behov for krysse Bergensbanen med t.d. landbruksmaskinar.

Spørsmål om arbeida?

Dersom du ynskjer meir informasjon eller har andre spørsmål om arbeida, ta kontakt med vårt kundesenter på telefon 477 70 098 eller send en e-post til kundesenter@banenor.no

Kundesenterets opningstider er:
08:00-19:00 (måndag-fredag)
09.00-15.00 (Laurdag/sundag/heilagdag)