Arbeid i og ved sporet ved Dale, Dalegarden og Evanger

Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av Bergensbanen. I perioden 3. – 9. oktober vil det gå føre seg arbeid både i og ved sporet ved stasjonane Dale og Evanger stasjon samt ved Njuken ved Dalegarden.

Arbeidet ved Dale og Evanger utførast av Nettpartner AS på oppdrag frå Bane NOR, og omfattar mellom anna strekking av nye kablar og leidningar til høgspenningsanlegget som syter for køyrestraum til toga. I perioden 3. – 7. oktober vil arbeidet gå føre seg på dagtid. Helga 8. – 9. oktober blir det arbeida døgnkontinuerleg.

Arbeidet ved Dale og Evanger vil generelt ikkje være særskilt støyande, men kortvarige periodar med noko kraftigare støy, knytt til bruk av støyande handverktøy (t.d. muttertrekkare og liknande) må påreknast.

Arbeidet ved Dalegarden utførast av Baneservice AS på oppdrag frå Bane NOR, og femner anleggsarbeid knytt til bygging av ny landbruksveg i området mellom fjellet Njuken og Bergensbanen. Arbeidet ved Dalegarden vil gå føre seg på dagtid alle dagar i perioden.

Kvifor bygger vi ny landbruksveg?

Bane NOR har eit overordna mål om å fjerne usikra planovergangar for å redusere risikoen for samanstøyt mellom tog og køyretøy (bilar, landbruksmaskiner etc.). Når den nye landbruksvegen står ferdig, kan me fjerne heile tre uoversiktlege planovergangar, og samstundes syte for ein tryggare kvardag for dei som har behov for krysse Bergensbanen med t.d. landbruksmaskinar.

Kvifor kvelds- og nattarbeid?

Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av praktiske grunnar og omsyn til tryggleiken, naudsynt med full stans i den ordinære togtrafikken. Gjennom å gjere naudsynt modernisering og førebyggande vedlikehald i periodar av døgeret med liten/ingen trafikk bidreg me til å sikre at færrast mogleg av togselskapas kundar blir råka.

Spørsmål om arbeida?

Dersom du ynskjer meir informasjon eller har andre spørsmål om arbeida, ta kontakt med vårt kundesenter på telefon 477 70 098 eller send en e-post til kundesenter@banenor.no

Kundesenterets opningstider er:
08:00-19:00 (måndag-fredag)
09.00-15.00 (Laurdag/sundag/heilagdag)