Akutt feilretting ved Dale stasjon natt til 1. november

Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av Bergensbanen. Ved Dale stasjon vil det, natt til tysdag 1. november gå føre seg akutt utbetring av feil på sporet.

Arbeidet utførast av Spordrift AS på oppdrag frå Bane NOR, og det vil mellom anna bli nytta dieseldrivne anleggsmaskiner. Arbeidet vil gå føre seg på kvelds- og nattetid (21-07) den aktuelle natta. Det blir ikkje kontinuerleg støyande arbeid, men aktivitetane vil innebere korte periodar med noko kraftigare støy, mellom anna knytt til bruk av diverse handhalde verktøy og spesialutstyr for kapping, sveising og sliping av nye skjeneskøyter.

Spørsmål om arbeida?

Dersom du ynskjer meir informasjon eller har andre spørsmål om arbeida, ta kontakt med vårt kundesenter på telefon 477 70 098 eller send en e-post til kundesenter@banenor.no

Kundesenterets opningstider er:

08:00-19:00 (måndag-fredag)
09.00-15.00 (Laurdag/sundag/heilagdag)