Støyande nattarbeid vest for Hallingskeid

Bane NOR har ansvaret for tryggleik, vedlikehald og modernisering av Bergensbanen. I samband med det, vil det i tida som kjem gå føre seg nattarbeid knytt til bygging av nytt og moderne snøoverbygg vest for Hallingskeid.

Arbeidet er allereie så smått i gang, og vil gå føre seg gjennom heile sumaren og hausten fram til planlagd avslutning om lag 1. november. Arbeidstida vil strekkje seg frå om lag kl. 22.00 til 10.00, og vil innebere periodar med noko støy knytt til riving og bygging av nytt snøoverbygg i stål. Me beklagar eventuelle ulemper som fylgje av verksemda.

Kvifor nattarbeid?
Ved arbeid på – eller i nærleiken av jarnbanespor er det, mellom anna av omsyn til tryggleik og praktiske årsaker, naudsynt å gjere arbeidet i periodar av døgnet med liten/ingen trafikk slik at færrast mogleg av togselskapas kundar blir råka.

Eventuelle spørsmål om arbeidet kan rettes til:

Tor Veslegard
Byggeleiar
Mobil:    916 58 515
E-post:   tor.veslegard@banenor.no