Støyande kvelds- og nattarbeid ved Høga og Lunden planovergang

Bane NOR har ansvaret for tryggleik, vedlikehald og modernisering av Flåmsbana. I samband med det, vil det i tida som kjem gå føre seg støyande arbeid ved Høga og Lunden planovergang.

Begge stader skal me skifte ut masser under planovergangane. Ved Lunden skal me i tillegg fjerne ein bergknaus for å betre sikttilhøva, og dermed bidra til auka tryggleik for dei som ferdast i området.

Detaljar om arbeidet ved Høga
Masseskiftet ved Høga vil gå føre seg på kvelds-/nattetid (20.00-06.00) i perioden 7. til 10. juni. Arbeidet vil innebere noko støy og uvante lydar, og det vil i periodar være redusert framkome.

Detaljar om arbeidet ved Lunden
Fjerning av bergknaus som hindrar tilstrekkeleg sikt til jarnbanen, vil gå føre seg på kveldstid (18.30-23.00) i tida framover. Om lag 30 kubikk med fjell skal piggast vekk. Arbeidet vil innebere periodar med støy, og me beklagar ulempene som fylgje av dette.

Masseskiftet ved Lunden vil gå føre seg på kveldstid (18.00-23.00) måndag 21. og tysdag 22. juni. Arbeidet vil innebere noko støy og uvante lydar, og det vil i periodar være redusert framkome.

Kvifor kvelds- og nattarbeid?
Ved arbeid på – eller i nærleiken av jarnbanespor, er det, mellom anna av omsyn til tryggleik og praktiske årsaker naudsynt med stans i den ordinære togtrafikken. Ved å gjere arbeidet i periodar av døgnet med liten/ingen trafikk bidreg vi til å sikre at færrast mogleg av togselskapas kundar blir råka.

Eventuelle spørsmål om masseskiftet på planovergangane kan rettes til:
Roar Flisram
Anleggsleiar
Mobil:    479 71 437
E-post:   roar.flisram@spordrift.no

Eventuelle spørsmål om fjerning av bergknaus kan rettes til:
Håkon Berge
Byggeleiar
Tlf.:         900 57 894
E-post:   hakon.berge@banenor.no