Sporarbeid og påskejobb ved Evanger og Dale stasjon

Bane NOR held ved like og moderniserer Bergensbanen. I samband med dette, vil det 23. og 24. mars gå føre seg maskinelt vedlikehald av spora ved Evanger og Dale. I påska monterast master og åk for nytt straumførande anlegg ved Evanger stasjon.

Vedlikehaldet av spora utførast av Baneservice AS på oppdrag frå Bane NOR og vil gå føre seg om natta. Det vil bli nytta dieseldrivne, skinnegåande spesialmaskiner for pakking (stabilisering) av sporet. Vi beklagar ulempene som følge av støy, men gjer samstundes merksam på at maskiner og utstyr heile tida flytter seg, noko som gjer at støyen vil være nokså kortvarig og forbigåande.

Kvar og når vil arbeidet gå føre seg?
Natt til 23. mars (24.00-06.00) Spor 1 og 2 ved Evanger stasjon.
Natt til 24. mars (24.00-06.00) Spor 1 og 2 ved Dale stasjon.

Påskearbeid ved Evanger stasjon
Ved Evanger stasjon skal me som kjend mellom anna byggje to nye plattformer og ny overgangsbru. I samband med moderniseringa, vil det i påska gå føre seg arbeid ved stasjonen.

Arbeidet utførast av Nettpartner AS på oppdrag frå Bane NOR, og omfattar mellom anna kranarbeid og montering av nye master og åk for nytt straumførande anlegg. Arbeidet vil gå føre seg frå ca. kl. 20.00-07.00 kvar natt i tidsrommet 2. – 5. april. Arbeidet gjer at det blir større aktivitet enn vanleg på nattetid. Me beklagar eventuelle ulemper som fylgje av det, men strekar under at arbeidet berre vil gje kortvarige periodar med moderat støy. Vi minner samstundes om at anleggsarbeid inneber risiko, og ber publikum respektere forbodet mot å ta seg inn på anleggsområdet.

Kvifor nattarbeid?
Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av omsyn til tryggleiken og praktiske årsaker naudsynt å tilpasse arbeidet til den ordinære togtrafikken. Gjennom å utføre naudsynt modernisering og førebyggjande vedlikehald i periodar av døgnet med liten/ingen trafikk bidreg vi til å sikre at så få som mogleg av togselskapas kundar vert råka.

Spørsmål om arbeida?
Eventuelle spørsmål om arbeidet som skal utførast, kan rettes til:

Bjørn Botten
Prosjektleiar, Nettpartner AS
Mobil:   908 88 885
E-post: Bjorn.Botten@nettpartner.no