Nattarbeid ved Dale og Evanger

Ved Dale og Evanger er me som kjend i gong med å modernisere dei to stasjonane. I samband med det, vil det gå føre seg kvelds- og nattarbeid ved begge stasjonane.

Arbeidet utførast av Nettpartner AS på oppdrag frå Bane NOR, og omfattar mellom anna kranarbeid, montering av ny mast og strekking av nye leidningar for straumførande anlegg.

Arbeidet ved Dale vil gå føre seg natt til sundag 6. juni. Ved Evanger vert det jobbing natt til sundag 13. juni. Båe stader vil arbeidet gå føre seg frå om lag kl. 21.00 til 07.00.

Arbeidet er ikkje særskilt støyande, men inneber at det blir større aktivitet enn vanleg på nattetid. Me beklagar eventuelle ulemper som fylgje av det. Me minner samstundes om at anleggsarbeid inneber risiko, og ber publikum respektere forbodet mot å ta seg inn på anleggsområdet.

Kvifor nattarbeid?
Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av omsyn til tryggleiken og praktiske årsaker naudsynt å tilpasse arbeidet til den ordinære togtrafikken. Gjennom å utføre naudsynt modernisering og førebyggjande vedlikehald i periodar av døgnet med liten/ingen trafikk bidreg vi til å sikre at så få som mogleg av togselskapas kundar vert råka.

Eventuelle spørsmål om arbeidet som skal utførast, kan rettes til:

Bjørn Botten
Prosjektleiar, Nettpartner AS
Mobil:   908 88 885
E-post: Bjorn.Botten@nettpartner.no