Nattarbeid i sporet ved Bolstadøyri og Vaksdal

Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av Bergensbanen. I samband med det, vil det i perioden 12. – 15. juni gå føre seg arbeid i sporet ved Bolstadøyri og Vaksdal.

Arbeidet utførast av Baneservice AS på oppdrag frå Bane NOR, og omfattar naudsynt vedlikehald og utbetring av sporvekslar ved dei to stasjonane. Båe stader vil arbeidet gå føre seg i tida mellom kl. 22.00-08.00.

Hovudarbeidet ved Bolstadøyri skjer natt til laurdag 12. juni, medan hovudarbeidet på Vaksdal går føre seg natt til søndag 13. juni. Dei to siste nettene er forbehaldt opprydding og ymse etterarbeid ved begge stasjonane. Det gjengse støynivået vil ikkje være særleg høgt i nokon del av perioden, men i kortare periodar vil det vere noko kraftigare støy mellom anna knytt til bruk av ymse utstyr for kapping, sveising og sliping av nye skjeneskøyter. Me beklagar eventuelle ulemper som fylgje av det.

Kvifor nattarbeid?
Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av omsyn til tryggleiken og praktiske årsaker naudsynt å tilpasse arbeidet til den ordinære togtrafikken. Gjennom å utføre naudsynt modernisering og førebyggjande vedlikehald i periodar av døgnet med liten/ingen trafikk bidreg vi til å sikre at så få som mogleg av togselskapas kundar vert råka.

Eventuelle spørsmål om arbeidet som skal utførast, kan rettes til:

Ragnar K. Lid
Byggeleiar
Mobil:   916 59 209
E-post: ragnar.k.lid@banenor.no