Natt- og helgearbeid ved Mjølfjell stasjon

Bane NOR syter for vedlikehald og modernisering av Bergensbanen. Som eit ledd i det naudsynte og førebyggjande vedlikehaldet, vil det i juni gå for seg arbeid i spora ved Mjølfjell stasjon.

Arbeidet utførast av Spordrift AS på oppdrag frå Bane NOR, og vil medføra noko støy knytt til bruk av dieseldrivne, skinnegåande køyretøy og skinnekuttar. Me beklagar eventuelle ulemper som fylgje av arbeidet, men understrekar at periodane med særleg kraftig støy vil være kortvarige.

Detaljar om arbeidet
Me skal modernisera sporvekslar i austre ende av Mjølfjell stasjon. Arbeidet utførast i perioden frå natt til laurdag 5. juni til og med natt til måndag 7. juni. Arbeidstida vil være mellom kl. 21.00 og 08.00 dei aktuelle nettene. 

Kvifor natt- og helgearbeid?
Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det mellom anna av omsyn til tryggleiken naudsynt å tilpasse arbeidet til den ordinære togtrafikken. Gjennom å gjere vedlikehaldsoppgåver i periodar av døgnet med liten/ingen trafikk bidrar me til å sikre at så få som mogleg av togselskapas kundar blir råka.

Eventuelle spørsmål om arbeidet som skal gjennomførast kan rettes til:

Roar Flisram
Anleggsleiar
Mobil: 479 71 437
E-post: Roar.Flisram@spordrift.no