Flåmsbana - Anleggsarbeid ved Dalsbotn haldeplass

Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av jernbanen i Noreg. I tida som kjem vil det gå føre seg arbeid knytt til utbetring av sikttilhøva i området kring Dalsbotn haldeplass.

Arbeidet byrjar måndag 13. desember, og vil gå føre seg fram til slutten av februar neste år. Entreprenøren planlegg firedagars arbeidsveke (måndag-torsdag), og arbeidstida vil være mellom 19.00 og 05.00 dei aktuelle kveldane og nettene. Medan arbeidet går føre seg, vil vegen bli mellombels stengt i kortare periodar. I tida mellom 23. desember og 3. januar vert det mellombels stans i arbeida grunna julehøgtida.

Kva skal gå føre seg?
Arbeidet omfattar fjerning av om lag 1300 kubikk med fjell og lausmassar ovanfor Dalsbotn haldeplass. Tiltaket bidreg til å betre sikttilhøva, noko som gjer auka tryggleik for dei som ferdast over planovergangen. Arbeidet krev utkopling av køyrestraumen, og må difor gå føre seg på kveldstid og natt. Aktiviteten vil innebere periodar med støy, mellom anna knytt til boring og pigging av fjell. Me ser oss lei for ulempene dette vil påføre grannane som vert råka av støyen.

Behov for meir informasjon?

Dersom du ynskjer meir informasjon eller har andre spørsmål om arbeidet, ta kontakt med vårt kundesenter på telefon 477 70 098 eller på e-post til kundesenter@banenor.no