Arbeid i sporet ved Voss stasjon 1. - 3. oktober

Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av Bergensbanen. Under arbeidshelga på Bergensbanen nyttar me høvet til å bytte ut gamle sviller i eit par sporvekslar i austre ende av Voss stasjon.

Arbeidet utførast av Spordrift AS på oppdrag frå Bane NOR, og det vil mellom anna bli nytta dieseldrivne anleggsmaskiner. Arbeidet tek til kl. 22.00 fredag kveld og avsluttast kl. 08.00 sundag morgon.

Det blir ikkje kontinuerleg støyande arbeid, men aktivitetane vil innebere korte periodar med noko kraftigare støy, mellom anna knytt til bruk av diverse handhalde verktøy og spesialutstyr.

Kvifor skifter vi sviller?
Svillene i eit par sporvekslar i austre ende av Voss stasjon er gamle og slitte, og må difor skiftast ut. Nye sviller bidreg til auka stabilitet og betre sporgeometri. Båe deler bidreg til noko redusert støy frå tog som passerer.

Bergensbanen stengd
Helga 1. – 3. oktober vil det være stor aktivitet på fleire stader og delstrekningar. Bergensbanen vil difor være stengd for ordinær togtrafikk. Toga erstattast av busser. Meir informasjon om det alternative transportopplegget finn du på togselskapets heimesider eller mobilappar.

For nærmare informasjon om det planlagde arbeidet, ta gjerne kontakt med:
Anleggsleiar Roar Flisram
Mobil:    479 71 437 (08-16)
E-post:   roar.flisram@spordrift.no