Anleggsarbeid ved Flåm stasjon fredag 29. oktober

Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av jernbanen i Noreg. Ved Flåm stasjon er eit større prosjekt i kjømda for å gje plass til dei nye togsetta som Flåm Utvikling planlegg å skaffe seg. I samband med dette, vil det fredag 29. oktober gå føre seg arbeid fleire stader på stasjonsområdet.

Arbeidet omfattar boring for nye mastefundamentar til høgspenningsanlegget som syter for køyrestraum til toga. I tida mellom kl. 08.00 og 20.00 vil det være periodar med støy. Me beklagar ulempene som fylgje av arbeidet, og gjer samstundes merksam på at det også seinare på kvelden vil være anleggsverksemd, men som ikkje vil være støyande.

Kort om hovudarbeida på nyåret
Prosjektet ved Flåm stasjon går ut på å utvida plattformar og spor slik at det blir plass til å ta i mot dei nye og lengre togsetta på Flåm Stasjon. Det omfattande arbeidet vil gå føre seg i eit totalbrot mellom 10. januar og 6. februar neste år. I tillegg vert det noko forarbeid frå måndag 3. januar. Vi kjem attende med fleire detaljar når det nærmar seg oppstart, men gjer allereie no merksam på at toga vil ha Lunden haldeplass som endestasjon gjennom heile perioden med totalbrot.

Behov for meir informasjon?
Dersom du ynskjer meir informasjon eller har andre spørsmål om arbeidet, ta kontakt med vårt kundesenter på telefon 477 70 098 eller på e-post til kundesenter@banenor.no