Anleggsarbeid ved Dale, Evanger og Stanghelle 27. september - 3. oktober

Ved Dale og Evanger er me som kjend i gong med å modernisere dei to stasjonane. I samband med det, vil det være litt ekstra stor aktivitet ved begge stasjonane i veka som kjem. Ved Stanghelle skal me rydde vegetasjon.

Ved Dale og Evanger dreier det meste seg om nye overgangsbruer. Desse skal heisast på plass i løpet av helga 2. – 3. oktober, men gjennom heile veka vil det gå føre seg førebuande arbeid på dagtid. Aktiviteten omfattar også arbeid på dei nye plattformene samt diverse arbeid knytt til høgspenningsanlegga våre.

I fylgje planane vil den nye gangbrua på Evanger bli heist på plass i løpet av natta. Gangbrua ved Dale skal etter planen heisast inn på dagtid. Aktiviteten vil være stor, men vil ikkje innebere at naboane vert råka av mykje støy.

Vegetasjonsryddinga ved Stanghelle vil gå føre seg på dagtid frå onsdag 29. september til sundag 3. oktober. Aktiviteten vil innebere støy mellom anna knytt til bruk av motorsager og fliskuttarar.

Kvifor ryddar vi vegetasjon?
God kontroll på vegetasjon og ettervekst er viktig av fleire årsaker. Det bidrar mellom anna til å minske risikoen for å køyre på vilt og trefall over spora. Det gjer også at lokomotivførarane får betre sikt til signaler og skilt langs spora. Samstundes får dei reisande betre utsikt frå togvindua og dermed ei betre reiseoppleving for folk som er på farten.

Dersom du ynskjer meir informasjon eller har andre spørsmål om arbeida, ta kontakt med vårt kundesenter på telefon 477 70 098 eller send ein e-post til kundesenter@banenor.no