Regjeringa varslar gjennomgang av strekninga Lillestrøm - Eidsvoll

Regjeringa styrkar arbeidet for å løfte norsk jernbane til eit moderne velfungerande transportsystem. Konseptvalutgreiingar (KVUar) er grunnlaget for utbygginga av store prosjekt.

Regjeringa varslar gjennomgang av strekninga Lillestrøm – Eidsvoll på Hovedbanen. Strekninga har i lengre tid hatt manglande kapasitet, og toga har vore lite punktlege, ifølgje Samferdselsdepartementet (Norge).

- Jernbana er ein viktig del av kollektivtransporten som fraktar mange menneska til og frå jobb kvar dag. Derfor startar vi opp KVU på tre prosjekt i jernbanesektoren, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Lillestrøm – Eidsvoll
Samferdselsdepartemenet skriv i ei pressemelding at "strekninga Lillestrøm – Eidsvoll på Hovedbanen har i lengre tid hatt manglande kapasitet og toga har vore lite punktlege. Det er ikkje mogleg å køyre fleire tog utan at infrastrukturen blir bygd ut."

Ein forventar ein auke i busette og arbeidsplassar i regionen og i godstransporten på Hovedbanen i åra framover. Samla tilseier dette at kapasiteten må aukast for å betre punktlegheita, og å møte etterspørselen etter meir person- og godstrafikk på banen, heiter det i fråsegna frå departementet.

Kongsvingerbanen og nettdekning
Dei to andre prosjekta gjeld Kongsvingerbanen og nettdekning. Det er Jernbanedirektoratet som skal gjennomføre utgreiingane.