Planprosess og framdrift

Prosjektet er i planleggingsfasen.

Evanger stasjon. Foto: Ingunn Halvorsen

Våren 2019 har dei to prosjekta vore til politisk handsaming i kommunane.

Voss kommune har hatt reguleringsplanen for Evanger stasjon ute til offentleg ettersyn. Fristen var 27. mai.

Vaksdal kommune har hatt reguleringsplanen for Dale stasjon ute til offentleg ettersyn. Høyringsfristen var 5. september. Det vart halde eit ope informasjonsmøte på Dale den 20. august.

Planen vidare ser førebels slik ut:

  • Detaljplan vedteken av kommunane og godkjend av Bane NOR hausten 2019
  • Avgjerd om investering og vidareføring til byggeplan og bygging 2019/2020
  • Plattformene klare til bruk i 2022