Planovergangen på Dale vert stengd frå 17. august

Til hausten startar anleggsarbeidet på Dale stasjon. I samband med bygginga vert planovergangen på stasjonen stengd, og fotgjengarar må rekne litt ekstra tid for å krysse jernbanespora.

Planovergangen på Dale stasjon vert lagd ned i samband med byggestart for lengre plattformer og ny overgangsbru. Foto: Mona Mekki, Vaksdal kommune

Bane NOR skal modernisere Dale stasjon med nye plattformer og planfri kryssing av sporet. Etter at planen vart vedteken i Vaksdal kommune og fekk klarsignal frå Jernbanedirektoratet, har prosjektet utarbeidd ein detaljert byggeplan.

– Me ser fram til å kome i gang med å forlenge plattformene og byggje ny overgangsbru. Av omsyn til tryggleiken i anleggsperioden vil me stengje den usikra planovergangen for godt frå måndag 17. august. For ein del av togpassasjerane vert det eit stykkje lengre å gå fram til den nye brua står ferdig. Me håpar folk vil vere tolmodige i mellomtida, seier prosjektleiar Emmeche Hjemmen i Bane NOR.

Les meir: Bane NOR startar bygging på Evanger og Dale

Undergang eller bru

Fotgjengarar som skal frå den eine sida av sporet til den andre, må heretter nytte undergangen mellom Dalevegen og Kalvekroken vest for stasjonen, eller ta brua over jernbanen lenger aust.

Bane NOR jobbar kontinuerleg for å leggje ned usikra planovergangar, som den på Dale. Dei siste fem åra er det registrert tolv farlege situasjonar her. Dei fleste gjeld personar som går eller spring over sporet rett framfor eit tog.

– Ved å erstatte overgangen med ei overgangsbru med heis og trapp gjer me stasjonen både tryggare og lettare tilgjengeleg for brukarane, seier Hjemmen. Overgangsbrua skal etter planen vere klar mot slutten av 2021.

Følg prosjektet på www.banenor.no/dale-evanger

Fotgjengarar må nytte undergangen vest for stasjonen eller brua i aust fram til den nye overgangsbrua står ferdig.