Bane NOR startar bygging på Evanger og Dale

Hausten 2020 byrjar anleggsarbeidet ved stasjonane på Evanger og Dale. Ein lokal og ein dansk entreprenør skal gjere første del av jobben med å modernisere dei to stasjonane mellom Voss og Bergen.

Overgangsbruene skal gå over to spor og byggjast i stål, glas og betong med trapp og heis i kvar ende. Slik kan resultatet verte på Evanger.

Nye lokaltog på Vossebanen er ein viktig årsak til at stasjonane på Evanger og Dale no får lengre plattformer og planfri kryssing av sporet. Etter at planane gjekk gjennom i dei to kommunestyra i 2019, har prosjektet fått klarsignal frå Jernbanedirektoratet og utarbeidd ein detaljert byggeplan.

Tidlegare i sommar vart dei første anboda lyste ut i marknaden. Bane NOR har no signert tre kontraktar:

  • Spilde Entreprenør frå Voss skal gjere førebuande anleggsarbeid med start i august.
  • Det danske selskapet Aarsleff Rail skal byggje overgangsbruer med heishus.
  • Infranord Norge AS har fått oppdraget med å fundamentere nye kontaktleidningsmaster.

– Me er glade for å få med oss erfarne entreprenørar som har solid jernbanekompetanse og kjenner området vårt. Valet fall på desse tre etter ei totalvurdering av kvalitet, gjennomføring og pris, seier prosjektleiar Emmeche Hjemmen i Bane NOR.

I løpet av hausten kjem nok ei utlysing, denne gong for arbeidet med å forlenge plattformene.

Arbeidet på dei to stasjonane vil gå parallelt. Entreprenørane vil ha riggplass mellom spor 1 og Vosso på Evanger og på grusplassen vest for stasjonen på Dale.

Stengjer overgang på Dale

På Dale vil passasjerane merke at planovergangen som vert nytta av fotgjengarar, vert stengd frå måndag 17. august. Dette skjer av omsyn til tryggleiken i anleggsperioden. For å krysse spora må ein nytte undergangen i vest eller brua aust for stasjonen.

– For å få plass til ny plattform på Dale må me ta noko areal frå Kalvekroken. Delar av vegen vert difor endra til gang- og sykkelveg seinare i haust. Me vil kome med meir informasjon i forkant av endringa, seier prosjektleiaren.

Ho fortel og at det vert naudsynt å korte inn plattforma til spor 1 på Dale i byggjeperioden. Dette tyder at dei lengste toga truleg må halde nokre dører stengde medan dei står på stasjonen.

– Me har dialog med Vy om ei praktisk løysing på dette. Me håpar på forståing og tolmod frå kundane medan arbeidet går føre seg. Resultatet vert to moderne, trygge og tilgjengelege stasjonar som me gler oss til å ta i bruk, seier Hjemmen.

Dei nye overgangsbruene skal vere ferdige mot slutten av 2021 og plattformene innan utgangen av året etter.