Bane NOR lyser ut brukontraktar på Bergensbanen

Bane NOR ønskjer tilbod på å byggje overgangsbru med heis på inntil fem stasjonar på Bergensbanen. Dei første prosjekta skal etter planen starte til hausten.

I april gjekk Bane NOR ut med anbodskonkurranse for den planlagde overgangsbrua på Dale stasjon og fire andre stasjonar.

Bane NOR skal modernisere stasjonane Dale og Evanger mellom Voss og Bergen. Det skal byggjast plattformer som er tilrettelagde for nye og lengre togsett og planfri kryssing av sporet via overgangsbru. Dette vil gjere stasjonane tryggare og lettare tilgjengeleg for dei reisande. No har Bane NOR lyst ut kontraktane for overgangsbruene i marknaden med sikte på å teikne avtale med ein entreprenør i løpet av juli.

– Me ser etter aktørar som har erfaring frå liknande prosjekt og er tilpassingsdyktige i høve til andre entreprisar i prosjektet. No håpar me å få inn solide tilbod frå firma både med og utan bakgrunn frå jernbanen, seier prosjektleiar Emmeche Hjemmen i Bane NOR. Prosjektet har eit budsjett på mellom 10 og 20 millionar kroner per bru.

Overgangsbruene skal gå over to spor og byggjast i stål, glas og betong med trapp og heis i kvar ende. Prosjektet for Dale og Evanger er no i byggeplanfasen, og Bane NOR tek sikte på byggestart hausten 2020. Bruene skal vere ferdige sommaren 2022, og heile prosjektet innan utgangen av same året.

I anbodet ligg det og opsjonar på liknande overgangsbruer på stasjonane Bolstadøyri, Myrdal og Gol. Her er tidsplanen ikkje endeleg fastsett.

Kontrakten er lyst ut som ein totalentreprise via Doffin og EU-databasen TED med søknadsfrist for kvalifisering den 8. mai.

Kontaktpersonar for prosjektet finn du her.