Slik er planen for Evanger stasjon

To nye plattformer på 220 meter og overgangsbru med heis. Dette er hovudtrekka i Bane NOR sitt framlegg til modernisering av Evanger stasjon.

Slik vert stasjonsområdet på Evanger om nokre år dersom framlegget frå Bane NOR vert vedteke. Illustrasjon: Multiconsult

Evanger stasjon på Vossebanen skal få lengre plattformer som er tilpassa dei nye FLIRT-togsetta. Med planfri kryssing av sporet og universell utforming vert stasjonen sikrare og lettare tilgjengeleg for alle. I byrjinga av mars var framlegget til reguleringsplan klart.

– Etter eit grundig forarbeid er me glade for å leggje fram detaljerte planer og skisser over ein sikrare og meir funksjonell stasjon. Me har hatt god dialog med Voss kommune som mellom anna har ført til at me lagar ein sti som snarveg til stasjonen, seier prosjektleiar Catherine Holter i Bane NOR. 

Her kan du sjå ein video av planane.

Kommunen har no fått planen til politisk handsaming i tråd med plan- og bygningslova. Dei tek sikte på å handsame planen i formannskapet og plan- og økonomiutvalet den 4. april. Deretter vert planen lagt ut på offentleg ettersyn.

Bane NOR ser for seg at reguleringsplanen og den tekniske detaljplanen kan verte godkjend hausten 2019. Deretter skal Jernbanedirektoratet fatte avgjerd om investering før bygginga kan starte. Stasjonsområdet skal etter planen stå ferdig i 2022.

Byggjer mot aust

Dei nye plattformene kjem aust for stasjonsbygninga og vil strekkje seg 220 meter i austleg retning. Slik unngår ein at toget må stanse i ein sving og får litt avstand til den gamle bygninga som er vurdert verna. Plattformene vert om lag tre meter breie og 76 centimeter høge, same høgde som dørene på FLIRT-toga. Dermed vert det enklare for alle å gå av og på toget.

Om lag 90 meter aust for stasjonsbygninga kjem ei ny overgangsbru som knyter dei to sidene av sporet saman. Her står i dag ei gammal brakke som skal rivast. Overgangsbrua er planlagd med trapper og heis slik at passasjerar og andre kan ferdast trygt mellom plattformene. Brua vert mellom 11 og 12 meter høg frå plattforma til toppen av heishuset.

– Brua vert godt synleg som eit nytt og moderne innslag på stasjonen. Me vil difor tilpasse ho til miljøet gjennom val av fargar og material, til dømes tre og glas, seier prosjektleiaren.

Snarveg

Heile stasjonsområdet vert lagt til rette for alle, også blinde og svaksynte, rullestolbrukarar og barnevogner, med såkalla universell utforming. I reguleringsplanen ligg og framlegg til å ruste opp stasjonsområdet med ein kant i granitt mellom stasjonsområdet og parkeringsplassen, plantekasser og sitjemøblar.

Det er planlagt ein sti frå Velesvegen slik at gåande kan ta snarvegen frå bustadområdet til stasjonen og vidare til Evanger sentrum. Det skal og setjast i verk tiltak for å sikre at elva Vosso ikkje vert påverka av anleggsarbeidet. Prosjektet legg til rette for det nye digitale signalsystemet som kjem på Bergensbanen dei nærmaste åra.

Under kan du laste ned dokumentet «Planomtale for Evanger stasjon» kor tiltaket er skildra i detalj.

Fakta: Evanger stasjon

  • Stasjon på Bergensbanen mellom Voss og Dale
  • Opna i 1883 då Vossebanen sto ferdig
  • Stasjonsbygninga vart teikna av Balthazar Lange

 

Modernisering av stasjonen

  • Ny sideplattform på 220 meter på kvar side av jernbanespora
  • Dagens midtplattform vert fjerna
  • Ny overgangsbru med heis og trapper om lag 90 meter aust for stasjonsbygninga
  • Brua vert 11–12 meter høg