Dale stasjon kan få nye plattformer og overgangsbru

To plattformer på 250 meter, overgangsbru med heis og omlegging av Kalvekroken til gangveg. Slik ønskjer Bane NOR å gjere stasjonen på Dale sikrare og lettare tilgjengeleg.

Bane NOR vil bygge nye plattformer til begge spora på Dale stasjon. Ei ny overgangsbru med heis gjer det trygt å kome seg mellom plattformene. Illustrasjon: Multiconsult

Dale stasjon på Vossebanen skal få lengre plattformer som er tilpassa dei nye FLIRT-toga. Prosjektet skal og sikre planfri kryssing av sporet og universell utforming av stasjonsområdet. I slutten av februar sende Bane NOR over eit forslag til reguleringsplan til Vaksdal kommune. Prosjektleiar Catherine Holter er glad for å leggje fram eit detaljert forslag til ein sikrare og meir moderne stasjon.

Politisk handsaming

– Undervegs har me hatt fleire møte med kommunen og veit at det er eit ønskje om undergang frå deira side. Etter å ha vurdert ulike alternativ har me likevel landa på at ei overgangsbru er den løysinga me vil tilrå. Brua er rimelegare og mindre arealkrevjande, og me meiner ho vil passe godt inn i stasjonsmiljøet. Bane NORs oppdrag er å byggje mest mogleg jernbane for pengane til nytte for kundane våre, seier Holter.

Her kan du sjå ein video av planane.

Vaksdal kommune har no fått planen til politisk handsaming i tråd med plan- og bygningslova. Bane NOR ser for seg at reguleringsplanen og den tekniske detaljplanen kan verte godkjend hausten 2019. Deretter skal Jernbanedirektoratet fatte avgjerd om investering før bygginga kan starte.

Stasjonsområdet skal etter planen stå ferdig i 2022. Bane NOR har også lagt fram tilsvarande planar for Evanger stasjon lenger aust på Vossebanen.

Plattform på begge sider

Prosjektet legg opp til to nye sideplattformer på 250 meter. Dette gjer at både FLIRT-tog og regiontog kan stoppe ved begge plattformer. Plattforma ved spor 1 vert forlenga i retning mot Dale sentrum med om lag 50 meter. Sør for spor 2 vert det bygd ei ny plattform som strekkjer seg frå det gule godshuset og 250 meter mot sentrum.

Plattformene vert om lag tre meter breie og 76 centimeter høge, same høgde som dørene på FLIRT-toga. Dermed vert det enklare for alle å gå av og på toget.

Midtplattforma som ligg mellom dei to spora og planovergangen for dei reisande skal fjernast.

For å få plass til ny plattform må ein ta noko areal frå vegen Kalvekroken. Delar av vegen vert difor føreslått endra frå køyreveg til gang- og sykkelveg. Dei som bur i Kalvekroken, får tilkomst til husa sine frå den sørlege delen av vegen.

Tilgjengeleg for alle

Heile stasjonsområdet vert lagt til rette for alle, også blinde og svaksynte, rullestolbrukarar og barnevogner med såkalla universell utforming.

Den nye overgangsbrua er planlagt med trapper og heis slik at passasjerar og andre kan ferdast trygt mellom plattformene. Brua vert mellom 11 og 12 meter høg frå plattforma til toppen av heishuset.

- Brua vert godt synleg som eit nytt og moderne innslag på stasjonen. Me vil difor tilpasse ho til miljøet gjennom val av fargar og material, til dømes tre og glas, seier prosjektleiaren.

 Området for parkering og busshaldeplass bak stasjonsbygninga vert uendra. Moderniseringa av stasjonen vil ikkje føre til meir støy eller anna vesentleg ulempe for naboane, bortsett frå i anleggsperioden.

Under kan du laste ned dokumentet "Planomtale for Dale stasjon" kor tiltaket er skildra i detalj.

 

Fakta: Dale stasjon

  • Stasjon på Bergensbanen mellom Voss og Bergen
  • Opna i 1883 då Vossebanen sto ferdig
  • Stasjonsbygninga vart teikna av Balthazar Lange

Modernisering av stasjonen

  • Ny sideplattform på 250 meter på kvar side av jernbanespora
  • Ny overgangsbru med heis og trapper nordaust for stasjonsbygninga
  • Brua vert 11-12 meter høg