Plattformforlenging, Vossebanen

Bane NOR planlegg å modernisere to stasjonar på Vossebanen: Dale i Vaksdal og Evanger i Voss kommune.

Stasjonane skal få lengre plattformar for å ta i mot nye FLIRT-togsett, planfri kryssing av sporet og universell utforming. Resultatet vert sikrare og meir moderne stasjonar som er tilgjengelege for alle.

Prosjektet skal etter planen stå ferdig i 2022.

Biletet: Dale stasjon med ei muleg løysing for overgangsbru (Illustrasjon: Multiconsult).

Skisse av korleis Dale stasjon kan verte med ny overgangsbru. Illustrasjon: Multiconsult