Arbeid på Kvam stasjon 17.-18. august

Bane NOR driv med vedlikehald og fornying av jernbanen i Noreg. Dette er viktig for å halde banane opne og i god stand. Arbeidet som blir gjort i dei periodane då banane blir stengde, fører til betre komfort, tryggare drift og fleire tog i rute.

Foto: Jan Gunnar Sølberg

Døgnkontinuerleg arbeid på Kvam kryssingsspor 17. – 18. august.

Kva skal vi gjere?

Denne helga legg vi inn nye sporvekslar både i sør ved den gamle planovergangen og i nord like ved brua . I tillegg blir det jobbing med å justere sporet slik at toga kan passere med minimal støy og slitasje. Til dette arbeidet brukar vi såkalla pakkmaskinar for å få pukken godt på plass slik at sporet ligg riktig.

Dette arbeidet vil pågå heile døgnet denne helga. Det betyr ein del støy då pakkmaskinar og gravemaskinar må jobbe natt og dag for å bli ferdige før toga skal byrje å gå att.

Vi er leie for dei ulempene dette vil føre med seg.

I fire veker etter denne togstoppen, vil det bli jobba med å forbetre og skifte ut spora på stasjonen. Farten er då sett ned gjennom Kvam og ein togekspeditør vil vere på plass på stasjonen for å sjå til at alt går som det skal.

Snart ferdig

Bane NOR er no inne i siste fase i arbeidet med å forlenge eksisterande kryssingsspor på Kvam stasjon. Dette aukar kapasiteten for godstrafikk på Dovrebanen.

Når anlegget er ferdig er følgjande gjort:

  • Vesentlege grunnarbeid
  • Nytt kontaktledningsanlegg
  • Nye føringsvegar for kablar
  • Riving av gamle master og montering av nye
  • Oppgradering av lågspent-, tele- og signalanlegg

For at du skal få best mogleg service, ber vi deg om å ringe Kjersti Bruheim på 977 47 272 vekedagar  mellom kl.09:00 og 15:00 eller send epost til tognabo@banenor.no dersom du treng meir informasjon. I spesielle tilfelle, og etter avtale med Bane NOR, tilbyr vi støyutsette naboar overnatting på hotell.

Merk meldinga med Kvam kryssingsspor.