Slik er planen for Gol stasjon

Sjå video: Nye plattformer, overgangsbru med heis og nytt venterom. Dette er hovudtrekka i Bane NOR sitt framlegg til modernisering av Gol stasjon.

Gol stasjon på Bergensbanen skal få ei ansiktsløfting. Med planfri kryssing av sporet og universell utforming vert stasjonen sikrare og lettare tilgjengeleg for alle.

– Me er godt i gang med planlegginga og kan no vise dei første skissene av «nye» Gol stasjon. Dei gir eit inntrykk av korleis området kan verte sjåande ut når planovergangen er fjerna og ny overgangsbru er på plass, seier prosjektleiar Ronny Winther i Bane NOR.

Her kan du sjå ein 3D-video av «nye» Gol stasjon.

Planlegginga starta i 2019, og ein teknisk detaljplan skal vere klar hausten 2020. Denne vert så sendt vidare til Jernbanedirektoratet for ei avgjerd om investering før bygginga kan starte.

– Når planovergangen vert fjerna, kan me redusere ventetida når to tog møter kvarandre. Det gjer både gods- og persontrafikken meir effektiv, samstundes som området vert sikrare og lettare tilgjengeleg for dei reisande, seier prosjektleiaren.

GolStasjon__2 - 945.jpg

Den nye overgangsbrua som knyter spor 1 og 2 saman kjem om lag 30 meter vest for stasjonsbygninga. Brua får både trapper og heis og vert rundt 12 meter høg til toppen av heishuset. Ved spor 2 kjem eit nytt venterom som erstatning for dagens leskur. I tillegg vert publikumsområda fornya til universell utforming med nytt informasjonsanlegg (skjermar, skilt og høgtalaranlegg) , utemøblar og belysning.

Prosjektet er planlagd ferdig i 2023. Framdrifta avheng av ei investeringsavgjerd innan utgangen av 2020.

– Me har god dialog med Gol kommune og opplever at dei ønskjer prosjektet velkomen. Eg håpar at planane også fell i smak hos naboane og dei reisande, seier Ronny Winther.

Prosjektet legg til rette for det nye digitale signalsystemet som kjem på Bergensbanen om nokre år.

Gol Stasjon 09 720 Hko.jpg

Fakta om Gol stasjon

  • Stasjon på Bergensbanen, opna i 1907
  • Ligg 207,4 meter over havet
  • Stasjonsbygninga vart teikna av Paul Armin Due
  • Les meir om Gol stasjon