Modernisering av Gol stasjon vert utsett

Jernbanedirektoratet har varsla at moderniseringa av Gol stasjon med gangbru og nye plattformer først skal byggjast ut etter 2023.

Planen for modernisering av Gol stasjon vert ferdig i 2020, men må vente på byggestart. Foto: Ingunn Halvorsen

Bane NOR har fått i oppdrag å modernisere plattformene og byggje ny overgangsbru på Gol stasjon på Bergensbanen. Planlegginga starta i 2019 med eit mål om ferdig anlegg i 2023. Jernbanedirektoratet har no meldt om at utbygginga på Gol skal utsetjast.

Bane NOR er i gang med å byggje nytt, digitalt signalanlegg på Bergensbanen. Først når dette er på plass i 2023, kan ein gå vidare med andre prosjekt på stasjonane. Det vil seie at «nye» Gol stasjon tidlegast kan stå ferdig i 2026.

Detaljplanlegginga held fram og vil vere ferdig hausten 2020. Planen kan så takast fram att når ei avgjerd om investering kjem frå Jernbanedirektoratet.