Gol stasjon

Bane NOR skal modernisere plattformene og bygge ny overgangsbru på Gol stasjon på Bergensbanen. Det vert enklare og tryggare å reise til og frå stasjonen.

Me skal fjerne planovergangen og bygge ny overgangsbru med trapp og heis. Med universell utforming vert stasjonen lettare tilgjengeleg for alle. Prosjektet kan tidlegast stå ferdig i 2026.

2019
2020
2023
2024
2026
  • Detaljplanlegging startar
  • Ferdig detaljplan
  • Byggeplanlegging og førebuande arbeid
  • Bygginga startar
  • Planlagd ferdig anlegg