Bergensbanen får digitale signal

Bane NOR har inngått kontrakt med NRC Group for førebuande arbeid for innføringa av det nye signalsystemet på Flåmsbana, Randsfjordbanen og Bergensbanen.

Illustrasjonsbilde fra Bergensbanen. Foto: Øystein Grue, Bane NOR

Me skal erstatte det utdaterte signalanlegget i Norge med digitale ERTMS (European Rail Traffic Management System). Kort forklart vert signala langs sporet flytta inn i ein skjerm i panelet til lokføraren. Nordlandsbanen frå Grong til Bodø er neste strekning ut, og opnar med ERTMS i drift 31. oktober 2022. I desember 2023 får historiske og vakre Bergensbanen det nye signalsystemet.

Før ERTMS kan takast i bruk må det gjerast ein god del anleggsarbeid langs jernbanen. NRC Bane AS skal prosjektere og byggje føringsvegar, fundament for nye tekniske hus og straumforsyning (lågspenningsanlegg) på til saman 38 stasjonar, 45 planovergangar, sju blokkpostar, eitt sidespor og ti varslingsanlegg for ras.

– NRC Group leverte eit godt tilbod som gjer oss trygge på at dei fattar jobben som skal gjerast og vil levere innan fristane i kontrakten. NRC Group gjorde ein svært god jobb på førre kontrakt for Bergensbanen aust i 2018 og 2019. Me ser frem til eit like godt samarbeid og resultat no, med det resterande arbeidet som skal gjerest på Bergensbanen, fortel Kristin Aursand, som leiar avdelinga som førebur det nye signalsystemet i Bane NOR.

Kontrakten er ein totalentreprise, og arbeidet startar i mai/ juni 2020 og skal vere ferdig i desember 2021. Verdien på kontrakten er 199 millionar.

– Me gler oss over å vere ein del av denne store, viktige og ikkje minst prestisjefylte satsinga til Bane NOR. Oppgraderingane er sårt tiltrengte, og det er svært positivt at me kan vere med på å byggje ut Norges berekraftige infrastruktur og dermed syte for ein smidigare reiseveg for ei rekkje brukarar, seier Martin Inge Olsen, divisjonsdirektør i NRC Bane AS.