Arbeid ved Voss stasjon

Bane NOR skal skifta masse ved jernbanesporet vest for stasjonen på Voss. Arbeidet vil gå føre seg på dagtid i om lag tre veker.

Arbeidet vil skje i forlenginga av dette sporet for togparkering. Foto: Kristian Høvik

Me skal grava ut masse og leggja ned ny pukk og sviller i forlenginga av spor 20, som vert nytta til togparkering i den vestlege enden av stasjonsområdet.

Arbeidet vert utført av Spilde entreprenør og startar i slutten av veke 47 eller starten av veke 48. Det er planlagt med arbeid på dagtid av omsyn til naboane langs jernbanen. Det vil verta ein del støy og trafikk av anleggsmaskiner medan arbeidet går føre seg, og me er leie for dei ulempene dette fører med seg for dykk som bur i området. Me reknar med å vera ferdige i løpet av tre veker.

Kontaktinformasjon ved spørsmål

Prosjektleiar Kristian Høvik, 932 82 886, kristian.hovik@banenor.no